Tydlege nordiske skilje i korleis journalistar opplever si yrkesrolle og den ytre påverknad på journalistikken
Svenske og danske journalistar vektlegg pressas vaktbikkjerolle sterkare enn journalistar frå andre nordiske land.
Journalistar frå Noreg og Island seier i minst grad at dei opplever påverknad frå politikarar, som er ein av tinga som skil dei frå finske journalistar. Dette syner ein ny komparativ studie publisert av Nordicom ved Universitetet i Gøteborg.
I ein ny studie har forskarar studert likskapar og skilje i nordiske journalistar si oppfatning av journalistrolla og ulike typar påverknad utanfrå på sitt arbeid, og også samanlikna dette med journalistar i det øvrige Europa. Studien byggjer på data frå Worlds of Journalism-studien, som er den største studien av journalistar nokosinne. Studien omfattar 67 land i alle verdsdelar, og inkluderer alle nordiske land.
− Me har direkte komparative data om nordiske og europeiske land sine journalister, noko som er uvanlig. Når me kombinerer ein analyse av desse datane med utgangspunkt i lys av vårt omgrep journalistiske stilar er resultatet eit meir nyansert bilete av nordiske journalistar si rolleforståing og arbeidstilhøve enn tidlegare studiar har kunne vise, seier Jari Väliverronen, forskar i journalistikk ved Universitetet i Tammerfors og ein av forskarane bak studien.
Store likskapar mellom Sverige og Danmark
Danske og svenske journalistar liknar mest på kvarandre i studien, og utmerkar seg med ei sterk vektlegging av det ein gjerne omtalar som pressas vaktbikkjefunksjon.
− Journalistar i Sverige og Danmark vektlegg i større grad enn dei andre nordiske journalistane si rolle i å overvake politikarar og andre samfunnselitar, men vektlegg samstundes sterkt objektivitetsidealet, seier Jan Fredrik Hovden, professor i medievitenskap ved Universitetet i Bergen og den andre forfattaren bak studien.
Eit viktig skilje mellom dei to landa er opplevinga kva som påverkar journalistikken utanfrå. Svenskane vektlegg i større grad økonomiske faktorar, medan danskane i større grad vektlegg organisatoriske faktorar, som redaksjonell leiing.
Tydlege nordiske skilje
I ein europeisk kontekst er journalistane frå dei nordiske landa relativt like kvarandre, og kjenneteikna med låg kjensle av politisk og økonomisk påverknad på sin jobbsituasjon.
− At dei nordiske landa er relativt like kvarandre slik tyder på at dei nasjonale mediesystema set ei viktig ramme for journalistar sine yrkesroller og kva formar for påverknad dei opplever. Internt i Norden er det samstundes tydlege skilje, med mange ulike journalistiske stilar som er noko ulikt fordelte mellom landa, seier Jari Väliverronen.
Dei viktigaste skilja innanfor Norden handlar mellom anna om korleis journalistar opplever tilhøvet til det politiske systemet, men og deira oppleving av redaksjonell uavhengigheit. Norske og islandske journalistar verkar oppleve mindre politiske påverknad, men derimot sterkare økonomiske faktorar. Spesielt islandske journalistar har ein meir marknadsorientert stil. Finske journalistar framstår i større grad orientert mot sitt lokalsamfunn, og opplever samstundes den sterkaste ytre politiske påverknaden av dei nordiske landa.