fbpx
skip to Main Content

54 millioner til sjøtransporten

Kystverket sit med ein tilskotspott til nærskipsfart på 54,5 millionar kroner som skal styrke konkurranseevna til sjøtransporten. Fristen for å søke er 15. mai 2022.

 

Tilskot til nærskipsfart (tidlegare tilskot til godsoverføring) skal legge til rette for ein konkurransedyktig sjøtransport, slik at sjøvegen blir vald for transport av gods der dette er mogeleg. Ordninga er eit av fleire verkemiddel som skal bidra til ein sikker, miljøvennleg og effektiv godstransport.

– Når meir godtransport blir flytta frå veg til sjø får samfunnet ein gevinst fordi kostnadane i form av ulykker, støy, kø, lokal luftforurensning, klimagassutslipp og slitasje på infrastruktur er mindre for sjøtransport enn for transport langs veg. Å styrke konkurranseevna til sjøtransporten er derfor ei viktig oppgåve for Kystverket. Denne tilskotsordninga er eit av verkemidla Kystverket kan nytte i det arbeidet, sier seniorrådgivar Erika Marlen Støylen i Kystverket.

I 2022 disponerer Kystverket 54,5 millioner kroner i denne tilskotsordninga, som kan tildelast kvalifiserte prosjekt. Fristen for å søke er 15. mai 2022. Reiarar innan EØS, med skip flagga i eit EØS-land kan motta tilskotet i maksimalt tre år.

– Sjølv om det finst avgrensingar for kva type prosjekt som kan søke tilskot, er eg overtydd om at det framleis finst fleire prosjekt som kan vere interessante for ordninga og som kan gi varige resultat, avsluttar Støylen.

Back To Top