fbpx
skip to Main Content

– Regjeringa sviktar småbedriftene

Dette er et meningsinnlegg. Sørlandsavisen deler ikke nødvendigvis avsenders synspunkter i saken. Innlegget er kun korrekturlest og ellers gjengitt i sin helhet.

 

Småbedriftene ser ut til å stå nederst på rangstigen for regjeringa Støre. Det er alvorleg for Noreg – og uakseptabelt for Venstre.

 

Nyleg varsla Landbruksministeren at ho har «ordna opp» for si næring i straumkrisa. Landbruket skal få straumstøtte på linje med private husholdingar, fordi landbruket er viktig for landet, og fordi bøndene verken kan skru av straumen eller ta ut auka kostnader i auka prisar.

Det er rett, og det er bra, at regjeringa kjem landbruket i møte, men medan Landbruksministeren svingar seg rundt og ordnar opp for seg og sine, sit Næringsministeren og resten av regjeringa musestille, i staden for å hjelpe andre bedrifter rundt om i landet i same situasjon.

Det er mulig dette er nytt og ukjent for regjeringa, men også utanfor landbruket er det massevis av små og mellomstore bedrifter som no slit med høge straumrekningar på toppen av skjerpa formueskatt og koronakrise. Mange av dei eksporterer eller er i konkurranse med eksport frå utlandet. Akkurat som landbruket kan dei verken «skru av straumen» eller skru opp prisane. Då blir dei feia ut av sine marknader. Akkurat som landbruket er dei viktige for landet, lokalt eigde – og ligg overalt rundt om i landet.

Det kjem ikkje eit einaste pip frå AP/SP-regjeringa eller deira støtteparti SV om at dei har tenkt å stille opp for småbedriftene på linje med den lynraske hjelpa til landbruket. Nei, tvert imot skal småbedriftene i tillegg straffast på andre måtar: Gjennom auka formueskatt, innstrammingar i koronakompensasjons-ordningar og varsel om ein mindre fleksibel arbeidsmarknadspolitikk.

Når dei store og mektige på Youngstorget har snakka saman, har ikkje norske småbedrifter nokon plass rundt bordet.

Venstre vil ta kampen for småbedriftene. Skal vi skape nye jobbar og verdiar vi skal leve av i dette landet, må småbedriftene og grunderane få det enklare – ikkje vanskelegare. Dei må møtast med hjelp, ikkje straff og mistenkelegheit – både i krise og kvardag. Berre slik bygger vi verdiar for framtida. Sjølvsagt må også småbedrifter som slit få hjelp med straumrekninga – og koronakompenasjon som hjelper dei over kneika.

Sorry. No data so far.

Back To Top