skip to Main Content

Debattinnlegg

Kampen om den norske samfunnsmodellen

Noreg er eit samfunn med moderate forskjellar og eit relativt velutbygd velferdssystem. Denne samfunnsmodellen har gitt tryggleik til den enkelte og skapt eit fundament for vår konkurransekraft.  No er denne  vellukka norske modellen under press frå den politiske høgresida.

 

Vi står overfor større utfordringar enn på lenge. Klima- og naturkrisa kjem stadig nærare. Vi har krig i Europa og må styrke forsvaret. Kunstig intelligens er i ferd med å revolusjonere både næringsliv og samfunnsliv. På toppen av det heile har vi fått eit fullstendig tilfeldig tollregime som er styrt av ein egosentrisk tyrann i USA.

I denne situasjonen vel høgresida i norsk politikk og store deler av kapitaleigarane i Noreg å gå til frontalangrep på norsk fordelingspolitikk. Det er greit nok å klage på formuesskatten. Ingen likar å betale skatt. Men dei som klagar på skatten, driv samtid med ekstrem og udokumentert svartmaling av norsk næringsliv og norsk økonomisk politikk. Dette trass i at vi ligg heilt på topp internasjonalt når det gjeld sysselsetting og produktivitet.

Det er ikkje måte på kor galt det står til her i landet i følgje den politiske høgresida. Vi er i realiteten vitne til eit frontalangrep på den norske samfunnsmodellen som har gitt oss moderate forskjellar, stor samfunnstillit og universelle velferdsgode. Høgresida utfordrar sjølve grunnlaget for vår konkurransekraft og vår velferd.

I det siste har også KrF kasta seg inn i kampen mot ein fordelingspolitikk som kan sikre moderate forskjellar. Partiet har langt på veg adoptert retorikk og standpunkt frå høgresida i USA. Dei frontar no ein politikk som kan gi oss amerikanske tilstandar.

SV vil kjempe i mot denne utviklinga. Vi vil arbeide for mindre forskjellar og ein trygg velferdsstat med universelle velferdsgode som gratis tannhelse og gratis barnehage for alle.

 

Sorry. No data so far.

Back To Top