Debattinnlegg
Pengar, politikk og fastlegar
Helse- og omsorgsminister Vestre skriv i Nationen 26.7 om dei nye takstane for fastlegane sitt arbeid. Målet er ifølgje Vestre at pasienten skal få meir tid med fastlegen sin.
Vi kan alle vere einige i at legar må få meir betalt for pasientarbeid om tar lengre tid. Men kritikken går ikkje på det, men at Vestre og regjeringa innfører eit heilt nytt prinsipp der auka betaling koplast mot eit visst resultat av legebesøket. Sjukemelding gir mindre pengar, delvis sjukemelding eller ingen sjukemelding gir legen meir pengar.
Fastlegeordninga i Norge har vore suksess og tenesta hamnar høgt oppe på omdømmemålingar. Etter nokre år med rekrutteringssvikt, ser ein no igjen ein positiv trend der færre står utan fastlege og fleire legar blir fastlegar. Kontinuitet som fastlegeordninga er bygd på, er ein kvalitet som ein ikkje må undervurdere. Når pasient og lege kjenner til kvarandre , byggjer det tillit. Per Fuggeli skreiv godt om dette for fleire år sidan( Tidsskriftet, 2001) : Tillit er det « gudestoffet» som held pasient og lege saman. At folket stolar på legens moralske identitet og medisinske kompetanse, skapar grunnlaget for profesjonell autonomi. Fuggeli kalla allmennpraktikaren for «Tillitens mestere», og sa at for å få tillit, må først og fremst legen kunne sitt fag.
Fuggeli var klarsynt og hadde heilt rett. Trusselen mot tilliten er overivrige byråkratar, politikarar, advokatar og andre som bevisst eller ubevisst vil legge bestemte føringar inn i pasientmøta. At regjeringa legg opp til eit takstsystem som skal påverke resultatet av pasientmøta, er svært uklokt og oppsiktsvekkjande. At det koplast inn pengar slik at legen tener meir på visse avgjerder, er heilt uakseptabelt. Prisen er sviktande tillit mellom pasient og fastlegar. Er det verdt det, Vestre?
Mange legar vil no få kommentarar frå pasientane om at råda legen kjem med, ikkje er faglege, men pengestyrte. Sjølv om det ikkje er sant. Tilliten er svekka. Og kva er dette starten på? Vi ønskjer til dømes at antibiotikabruken skal haldast låg i Noreg. Skal legar få betre betalt om dei ikkje skriv ut antibiotika, då? Skal dei få betre betalt for konsultasjonen om dei ikkje tilviser pasienten til røntgen, sidan ein mistenker eit overforbruk av slike tenester? Skal legen få betre betalt om dei ikkje legg pasienten inn på sjukehus sidan sjukehusa er pressa ?
Sjølvsagt ikkje. Det er berre ein ting å gjere, Vestre. Det er å snu i tide. Ein kan jobbe godt i systemet, med legane, pasientar og arbeidslivet, for at gradert sjukemelding skal vere hovudregelen. Eg støttar fullt opp om arbeidet med å skape eit inkluderande arbeidsliv der ein lettare kan stå i jobb trass i ein viss sjukdomsbyrde. Men å premiere legar som ikkje gir sjukemelding, det må ein slutte med. Regjeringas nye takst for sjukemelding er uetisk og ein fare for tilliten mellom pasient og lege.

